Tempera
Tempera er måling med emulsjonar som bindemiddel. Emulsjonar er blandingar av stoff som ikkje løyser seg i kvarandre, så som vatn og olje. Ordet tempera kjem frå latin temperare, som tyder 'blande i rett forhold'.
Temperamåling er brukt i måleri frå antikkens Hellas og i ikon frå Bysants. Den eldste temperamåinga er eggtemperaen, ein mager tempera utan tilsett olje. Frå 1400-talet vart det vanleg å tilsetje linolje i eggtemperaen. Eggeplomma verka da som ein emulgator som hjelpte til å blande vatn og olje.
Ulike temperablandingar
endreEmulsjonane kan blandast på ymse vis, til dømes med
- Harpiks - egg – vatn
- Lim – olje – vatn
- Eggeplomme – vatn
- Kasein – olje – vatn.
Linolje er vanlegast, men andre planteoljer kan og verte bruka.
Eggeplomme er eit vanleg limstoff i tempera, men kasein og limstoff framstilt av kjøtt- eller fiskeprodukt vert òg bruka.
Temperaen vert farga med naturlege pigment.
Bruk av temperamåling
endreTempera tørker i to fasar: Først fordampar vatnet, sidan tørker olja. Målinga vert sterkare etterkvart som målinga vert herda, og ho kan bli svært slitesterk. Det er vanskeleg å blande fargane rett, men når biletet er måla, får det ein matt glans og held lenge på fargen.
Ein stor fordel ved temperamåling er at ho er vassbasert, slik at målaren unngår skadelege løysemiddel. Men målinga er ikkje så fleksibel som rein oljemåling.
Kjelder
endre- Pontus Tunander (1996): Dekorativ målning
Bakgrunnsstoff
endre