Tenarmaskin, eller berre tenar, er ei datamaskin som har som oppgåve å levera innhald til klientmaskinar når dei spør om det. Typiske døme er DNS-tenarar, vevtenarar, e-posttenarar og tenarmaskiner for musikk og videostrauming. Tenar- og klientmaskiner er kopla saman med eit pakkesvitsja nett, som til dømes eit lokalnett, eller det globale Internett.

Eit rack med tenarmaskiner i Brno i Tsjekkia,

Maskinvare endre

Maskinvaren i tenarmaskiner varier med kor mykje innhald dei handsamar og kan vera alt frå ein liten mikrokontroller til store distribuerte installasjonar av multiprosessormaskiner.

Store installasjonar endre

Tenarar som handsamar mykje innhald, som til dømes Wikipedia, er ofte hierarkisk oppbygde, med fleire tenarar som deler lasta mellom seg. I tillegg til stor kapasitet er òg hierarkisk arkitekturar meir robuste mot feil. Store installasjonar nyttar ofte bladtenarar, plasserte i rack i eit tenarrom med eige kjøleanlegg. Viktige installasjonar er alltid utstyrte med RAID-platelager og avbrotsfri energiforsyning (UPS). Som oftast er det installert eigen maskinvare for sikkerheitskopiering, som kan nytta teknologi som magnetisk tape eller RAID-diskar.

Små installasjonar endre

Småføretak og privatpersonar set ofte opp eigne tenarmaskiner. Slike installasjonar har lite trafikk og treng ikkje så kraftig maskinvare. Ein utdatert arbeidsstasjonar kan vera alt som trengst.

Innbaka system endre

Vevtenarar som er ein del av eit innbaka system, som til dømes ein router, treng ikkje å ha så stor kapasitet og køyrer ofte på ein mikrokontroller eller ei FPGA og lagrar data i flashminne.

Programvare endre

Operativsystemet til ei tenarmaskin har litt andre krav enn operativsystemet til ein arbeidsstasjon. Stabilitet og lett vedlikehald er mellom dei viktigaste eigenskapane. UNIX/Linux-baserte operativsystem er kjent for å vera stabile [1] [2] og høver godt som tenaroperativsystem. Mange profesjonelle systemprogrammerarar og administratorar førtrekkjer å arbeida på kommandolinenivå, så på tenarar plasserte i eit eige tenarrom treng ein ikkje å installera eit grafiske brukargrensesnitt. Fråvær av eit brukargrensesnitt har òg den føremonen at det er mindre programvare å oppdatera og vedlikehalda. I små installasjonar er LAMP-tenarar populære, både av di ein ikkje treng betala lisens og av di dei er enkle å installera og vedlikehalda.

Kjelder endre

  1. DiDio, L., 2008 Server OS Reliability Survey, Institute for Advanced Professional Studies.
  2. Hosting platform showdown: Unix vs Linux vs Windows review Arkivert 2011-03-03 ved Wayback Machine., HostWisely. (vitja 25/4-2011)

Sjå òg endre