Opna hovudmenyen

Tenzin Gyatso (fødd 6. juli 1935) er den fjortande og noverande dalai lamaen, og vert ofte berre omtalt som Dalai Lama.[1] Han var den femte av seksten born i ein bondefamilie frå Amdo-provinsen i Tibet, og fem år gamal vart han attkjend som reinkarnasjonen av den trettande Dalai Lama. 17. november 1950 vart han innsett som statsoverhovud i Tibet, femten år gammal, på eit tidspunkt då Tibet stod overfor okkupasjon frå Folkerepublikken Kina.

Tenzin Gyatso
Tenzin Gyatso - 14th Dalai Lama (2012).jpg
Fødd 6. juli 1935
Taktser
Yrke bhikkhu, lama, politikar
Tenzin Gyatso på Commons

I 1989 vann han Nobels fredspris.[1]

I mai 2011 ratifiserte Dalai Lama ei lovendring som overførte den politiske makta til den demokratisk valde statsministeren for den tibetanske eksilregjeringa. Han gav dermed avkall på den politisiek makta for dalai lama-embetet, og gjekk av som politiske leiar for Tibet i eksil.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Borgland, Jens Wilhelm (24. oktober 2017). «Dalai Lama». Store norske leksikon (på norsk). 
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.