Terempalasset er ein historisk bygning i Kreml i Moskva. Namnet kjem frå det bysantinsk-greske teremnon (gresk skrift τέρεμνον), som tyder «kammer» eller «bustad». I ordbøker er terem omsett med «tårn» eller «tårnrom». Forfattaren Oliver Thomson skriv at palasset har namn etter kvinnene sin terem, eller leilegheit, som låg i den øvste etasjen til palasset, under det raude og kvite taket.[1]

Terempalasset

ArkitektAloisio da Carcano
Stiluzorotsje
Kart
Terempalasset
55°45′02″N 37°36′56″E / 55.750555555556°N 37.615555555556°E / 55.750555555556; 37.615555555556
Terempalasset.
Kreml. Plasseringa av Terempalasset er markert med ein sirkel.
Det gylne tsarinapalasset

Som del av Kreml er Terempalasset rekna som verdsarv. På UNESCO si verdsarvliste er palasset omtalt som det mest merknadsverdige sivile byggverket laga av russiske meistrar på 1600-talet.[2]

Palasset er ikkje ope for publikum. Det blei reist som bustad for tsaren på 1600-talet, men har, sidan Boris Jeltsin valde å flytta til Kreml, vore residens for den russiske presidenten.[3]

Det første palasset på staden blei bygt i 1499–1508. Arkitekt var italienaren Aloisio da Milano. I 1635–1636 sørgde den første tsaren i Romanov-dynastiet, Mikhail, for å få utvida palasset med to ekstra etasjar. Fire russiske meisterbyggjarar hadde ansvaret for arbeidet. Dei fire var Bazhen Ogurtsov, Antip Konstantinov, Trefil Sjarutin og Larion Usjakov.[4]

Palasset viser korleis dagleglivet ved hoffet var organisert på 1600-talet. I dei tre øvste etasjane var bustaden til tsarfamilien, med kvinnene sitt terem aller øvst. I etasjane nedanfor hadde tsaren fem luksuriøst utstyrte rom; rådstova der han hadde møte med bojarane – og eit forkontor der utanlandske ambassadørar og andre framståande gjester kunne venta på å få audiens i tsaren sin tronsal. I palasset var òg soverommet til tsaren og eit lite bønnerom.[1] Den gamle kjellaretasjen, bygd av Aloisio då Milano, inneheldt lagerrom og verkstader.

Til Terempalasset høyrde fleire kyrkjer, blant anna Vertsjospaskaija, det private kapellet for dei mannlege medlemmane av tsarfamilien; St. Katarinakyrkja, det private kapellet for tsarinaen og prinsessene og Bebodingskatedralen, som er bygd over Lasarus-oppstodekyrkja, den eldste av Kreml-kyrkjene frå 1393. Alle kyrkjene var samla under eitt enkelt tak, krona med elleve kuplar på høge sylindriske soklar.[5]

Det gylne tsarinapalasset er rundt 50 år eldre enn resten av Terempalasset. Det er eit ganske lite rom med låg kvelva himling, dekt med freskar på ein gyllen bakgrunn. Dette blei bygt på seint 1500-tal, og var det offisielle mottakingssrommet til tsarinaen. Det var opphavleg del av palasset til Ivan den grufulle.[5]

Peter den store flytta hovudstaden frå Moskva til St. Petersburg i 1712, og bygningane i Kreml, blant anna Terempalasset, forfalle.[3]

På 1800-talet var palasset blitt svært nedslite. Tsar Nikolaj I såg det som ei viktig oppgåve å restaurera bygningane i Kreml som eit symbol på politiske og religiøse senter frå tidlegare tider, og kunstnaren Fjodor Solntsev fekk hovudansvaret for å restaurera interiøret i Terempalasset.[6]

Det store Kreml-palasset blei reist i 1837–1849, blei Terempalasset integrert i dette anlegget.


Kjelder endre

  • Boomsliter, P. (2009). Moscow. Bonechi Art and History Series (engelsk). s. 52–53. ISBN 9788847619494
  • Thomson, Oliver (2008). Romanovs: Europe's Most Obsessive Dynasty (engelsk). Tempus. ISBN 978-0752444215
  • Whittaker, Cynthia H. (2010). Visualizing Russia (engelsk). Brill Academic Publishers. ISBN 978-9004183438

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Thomson (2007), upaginert
  2. UNESCOs verdensarvliste
  3. 3,0 3,1 Applebaum, Anne (14. desember 2013). «Secrets of the Kremlin». The Spectator (på engelsk). 
  4. Boomsliter, P. (2009), s. 52
  5. 5,0 5,1 Boomsliter, P. (2009), s. 53
  6. Whittaker (2010), s. 73