Bojar
Bojar (russisk боярин, bojarin; ukrainsk буй eller боярин, bulgarsk боляр eller болярин, rumensk boiar) var medlemmar av den aristokratiske føydaladelen som hadde høgast rang først i Kievriket og seinare i Russland og Litauen.
Bojarar var berre underlagt den herskande storfyrsten i riket. Dei fanst i Kievriket og seinare i Russland og Litauen (tilsvarande dagens Ukraina, Kviterussland, europeisk Russland og Litauen) frå 900- til 1600-talet. Tittelen blei òg nytta i Bulgaria, Serbia, Valakia og Moldavia. Bojarane utgjorde det herskande sjiktet av store godseigarar. Bojardumaen eller rådet av bojarar hadde ei viss makt i Moskva-staten (1480–1689), men tapte mykje av dette under Ivan den grusame. Dumaen blei avskaffa i 1711 av Peter den store.[1]
Dei russiske bojarane blir tradisjonelt delte inn i tre kategoriar:
- Den urgamle moskovittiske adelen som hadde tent storfyrstane frå 1300-talet (mellom anna slektene Romanov, Godunov og Sjeremetjev).
- Fyrstane av Rurik-dynastiet som budde i Moskva etter at rika deira var blitt annekterte inn i Storfyrstedømmet Moskva (mellom anna slektene Sjujskij, Vorotynskij og Repnin).
- Utanlandske fyrstar frå Litauen og Den gylne horden som skal stamma frå Djenghis Khan (mellom anna slektene Belsk og Mstilavskij).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bojar» frå Wikipedia på bokmål, den 14. desember 2020.