Terje Aronsen (fødd 24. juni 1947) er ein norsk forkjempar for kvensk språk og kultur. 16. mars 2015 vart han utnemnd til Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for arbeidet sitt.[1][2]

Terje Aronsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. juni 1947 (76 år)
Porsanger kommune

Aronsen er utdanna lærar, og arbeidde i skoleverket. Dei siste åra av yrkeslivet arbeidde han som undervisningsleiar på Kainun institutti - Kvensk institutt i Børselv. Han har arbeidd for kvensk kultur sidan 1970-talet, og vart i 1987 første leier i Norske kveners forbund.[3][4]

Aronsen har òg bidratt med ti omsetjingar av salmar til kvensk til Norsk salmebok 2013, og vore sentral i arbeidet med å plukka ut dei femten salmane på kvensk som er med i boka.[5]

Utmerkingar endre

  • Kulturpris frå Porsanger kommune (1992)
  • Norske Kveners Forbunds kulturpris (2012)
  • Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden (2015) for innsatsen sin for kvenene.[6]

Kjelder endre

  1. Pressemelding fra kongehuset - Lest 29. juni 2015
  2. Lederartikkel om utnevnelsen til Ridder i Sagat
  3. Ridder Terje - iFinnmark. Lest 29. juni 2015
  4. Aronsen fikk kulturpris – igjen! - Norske Kveners Forbund. Lest 29. juni 2015
  5. Astrid Hessellund og Sindre Skeie, «Månedens salme juli 2015» i Luhersk kirketidende, nr. 13 2015, s. 303.
  6. Berg, Anne Mari Rahkonen (15. mars 2015). «Vil ha mer kvensk i skolen» (på norsk bokmål). Henta 23. januar 2019.