Porsanger kommune
- For fjorden kommunen har fått namn etter, sjå Porsangerfjorden.
Porsanger (nordsamisk Porsáŋggu gielda, kvensk Porsangin kommuuni) er ein kommune i Finnmark fylke. Kommunen er den tredje største i Noreg. Han grensar i nordvest mot Hammerfest og Måsøy, nord mot Nordkapp, i aust mot Lebesby, i sør mot Karasjok, og i vest mot Alta. Han heitte Kistrand kommune fram til 1964, og var del av Finnmark fylke fram til 2020.
Porsanger kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Adm.senter | Lakselv | ||
Areal | 4 873 km² | ||
• land | 4 664 km² | ||
• vatn | 209 km² | ||
Folketal | 3 889 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Norsk målform | bokmål | ||
Samisk språk | nordsamisk | ||
Andre språk | kvensk | ||
Ordførar | Jo Inge Hesjevik (H) | ||
Kommunenr. | 5622 | ||
Porsanger kommune 70°03′08″N 24°57′21″E / 70.05214°N 24.95594°E | |||
Kart som viser Porsanger kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Porsanger | |||
Nettstad: www.porsanger.kommune.no |
Porsanger er den einaste offisielt trespråklege og trekulturelle kommunen i Noreg, med nordsamisk, kvensk og norsk som offisielle språk.
Største tettstad og kommunesenter er Lakselv, som ligg inst i Porsangerfjorden. Mindre bygder ligg langs fjorden på båe sider, med Kistrand, Olderfjord, Børselv og Billefjord som dei viktigaste. I innlandet, langs E6 mot nabokommunen Karasjok finn ein Porsangmoen, med Garnisonen i Porsanger, og Skoganvarre. Stabbursdalen nasjonalpark ligg vest for Porsangerfjorden.
Lokalaviser i kommunen er Finnmark Dagblad og Ságat.
Plante- og dyreliv: Valdak [eller Váldatjeaggi ] på Stabbursnes er eit kjent hekkeområde.[1]
Tettstad i kommunen
endre- Lakselv - 2 224 innbyggjarar per 1. januar 2023
Folketalsutvikling
endreFolketalsutvikling for Kistrand/Porsanger kommune frå 1920:
1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1971[4] | 1.1.1981[4] | 1.1.1991[4] | 1.1.2001[4] | 1.1.2010[4] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2160 | 2553 | 2972 | 3298 | 3600 | 3907 | 4568 | 4514 | 4358 | 3991 |
Sjå også
endreFotnotar
endre- ↑ Vellykket Fuglenes dag på Stabbursnes, Porsanger. Norsk Ornitologisk Forening. Vitja 9. juli 2020
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd i Porsanger (Kistrand) 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå