Terje Ythjall
norsk målar
Terje Ythjall (fødd 25. desember 1943 i Larvik) er ein norsk kunstmålar, grafikar og teiknar. Han er utdanna ved Kunstakademiet under Ludvig Eikaas og Arne Malmedal i perioden 1974–1978. Ythjall nyttar karnevalsaktige, gjerne maskekledde figurar, som alltid er på veg frå ein ukjend stad til ein annan i dei surrealistiske bileta sine. Arbeida hans er dels nitid utførte måleri og fire av dei heng i Nasjonalmuseet/Museet for samtidskunst i Oslo.
Terje Ythjall | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. desember 1943 (80 år) Larvik |
Yrke | kunstmålar |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Terje Ythjall» frå Wikipedia på bokmål, den 26. juni 2010.