Opna hovudmenyen

Ludvig Eikaas (fødd 20. desember 1920 i bygda Eikaas i Jølster i Sunnfjord, død 5. september 2010) var ein norsk kunstmålar, grafikar og kunstprofessor. Namnet kan òg verta stava Ludvik Eikaas.

Ludvig Eikaas
Ludvig Eikaas (1969) (14667597892).jpg
Ludvig Eikaas i 1969
Foto: Eirik Sundvor/Trondheim byarkiv
Fødd 20. desember 1920
Død

5. september 2010

Yrke professor, kunstmålar

FamilieEndra

Foreldra til Ludvig Eikaas var gardbrukar Daniel Eikaas og Synnøve Svidal. I 1949 gifta Eikaas seg med tekstilkunstnaren Synnøve Anker Aurdal (1908-2000). Sonen Stig Eikaas er skulptør og aktiv kulturdebattant.[1]

UtdanningEndra

I tillegg til dei formelle studia hadde Eikaas fleire studiopphald i fleire europeiske land.

KarriereEndra

Eikaas debuterte som målar og grafikar på Høstutstillingen i 1946. Ludvig Eikaas vert rekna som ein svært sentral kunstnar i siste halvdelen av 1900-talet grunna arbeidet hans med måling, skulpturar og særleg grafikk. Han var ein av dei første som laga nonfigurativ kunst i Noreg.[2]. Saman med Gunnar S. Gundersen, Odd Tandberg og Tor Hoff utgjorde Eikaas ei gruppe unge kunstnarar som var pionerar innanfor den nonfigurative kunsten i Noreg. Denne gruppa vart kalla Dødsgjengen.[3]

Ludvig Eikaas sin kunst er å finne i Nasjonalgalleriet/Nasjonalmuseet i Oslo, Riksgalleriet/Nasjonalmuseet, Bergen Billedgalleri/Bergen kunstmuseum, Henie Onstad Kunstsenter, Statens Museum for Kunst i København, Brooklyn Museum of Art, New York, Uffizi-museet i Firenze, det amerikanske Wind Symphony Orchestras permanente samling og i ei rekke private samlingar i inn- og utland.[4]

I Sogn og Fjordane har Ludvig Eikaas laga m.a. utsmykkinga ved inngangen til Sentralsjukehuset i Førde, «Fjordhesten» ved det tidlegare posthuset i Førde, og han er meister for NRK Sogn og Fjordane sin logo «Fjordhesten».[5]

Eikaas vart professorStatens Kunstakademi i Oslo i 1970.

TV-intervjuEndra

NRK gjorde eit intervju med Ludvig Eikaas i 1999: Ludvig Eikaas og fela vart sendt 7. mars.[6]

UtmerkingarEndra

Eikaas var riddar av første klasse av St. Olavs Orden. I 1954 fekk han den internasjonale grafiske pris i Milano.[7] Eikaas vart tildelt Fylkeskulturprisen i 1994.[8] Eikaasgalleriet vart oppkalla etter han då han gav ei stor samling kunst til Jølster kommune. [9]

BibliografiEndra

BøkerEndra

I tidsskrift - eit utvalEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra