Terlizzi

kommune i Italia

Terlizzi er ein by og ein kommune i provinsen Bari i regionen Puglia i Italia. Kommunen har kringom 27 000 ibuarar og har eit areal på 68,3 km². Byen ligg 190 meter over havet på ei grøderik slette, om lag 17 kilometer vest for provinshovudstaden Bari.

Eit borgtårn bygt i 1075, då normannarar rådde over Terlizzi

Blomsterdyrking, produksjon av byggematerial, samt produksjon og handel med vin og frukt er hovudnæringar i Terlizzi.

Byen er kjend frå 700-talet. Mange ulike fyrsteslekter rådde over byen det neste tusenåret. Frå 1861 har Terlizzi vore ein kommune i Italia.

Kjelder endre