Terminologilære

Terminologielehre, også kalla terminologivitskap og terminologiforsking, er vitskapen om omgrep og nemningane deira i eit fagspråk. Eit ofte brukt ord for terminologilære er terminologi, men innafor terminologilæra blir termen ein terminologi brukt om ei systematisk termsamling.

Generelt om terminologilæreEndra

Erkjenningsobjektet for terminologilæra er danninga av omgrep og omgrepssystem og framstilling av desse omgrepa med hjelp av definisjonar og nemningar. Terminologilæra utarbeider terminologiske grunnomgrep og retningslinjer for terminologiarbeidet og terminografien, eller fagleksikografien og for den systematiske framstillinga og forvaltninga av termar.

Terminologilæra speler ei viktig rolle både i det private næringslivet, det offentlege, utdanningsvesenet og vitskapen. Terminologilæra krev effektivitet og eintydigheit i fagkommunikasjonen.

Omgrepsinnhald og omgrepsomfangEndra

Omgrepsinnhald er summen av alle kjenneteikna ved eit omgrep. Omfanget av eit omgrep er settet av referansane til omgrepet sjølv[1] og dei omgrepa som er underordna det i ein hierarkisk nomenklatur.[2] Omgrepsomfanget for omgrepet «fartøy» inneheld underomgrepa landfartøy, vassfartøy, luftfartøy og romfartøy. Omgrepsinnhaldet for luftfartøy inneheld kjenneteikn som at dei flyg i jordatmosfæra, til skilnad frå romfartøy, som flyg i rommet. Dei to omgrepa er avhengig av kvarandre slik at omgrepsomfanget blir mindre jo større omgrepsinnhaldet er.

KjelderEndra

  1. DIN 2342 2011-08, Begriffe der Terminologielehre
  2. Eva-Maria Baxmann-Krafft/Gottfried Herzog, Normen für Übersetzer und technische Autoren, 1999, S. 112

LiteraturEndra

  • Reiner Arntz, Heribert Picht, Felix Mayer: Einführung in die Terminologiearbeit. Olms, Hildesheim 2002, ISBN 3-487-11553-0
  • Helmut Felber, Gerhard Budin: Terminologie in Theorie und Praxis (= Forum für Fachsprachen-Forschung, Band 9), Narr, Tübingen 1989, ISBN 3-87808-783-7.
  • Felix Mayer: Eintragsmodelle für terminologische Datenbanken. Ein Beitrag zur übersetzungsorientierten Terminographie. Gunter Narr, Tübingen 1998, ISBN 3-8233-5350-0, S. 25–39.
  • H. Suonuuti: Guide to Terminology. Helsinki 1997. Norsk utgåve: H. Suonuuti 2015 [2010]: Termlosen. Oslo: Språkrådet.
  • Eugen Wüster: Einführung in die allgemeine Terminologielehre und terminologische Lexikographie (= Abhandlungen zur Sprache und Literatur, Band 20), 3. Auflage mit einem Vorwort von Richard Baum, Romanistischer Verlag, Bonn / Ergon, Würzburg 1991, ISBN 3-924888-48-5 / ISBN 3-89913-401-X