Ein termostat er ein temperaturstyrt brytar.

Termostatar vert først og fremst brukte til å styra varmeelement og kjøleelement med. I eit system for regulering av temperatur har ein termostat fordelen at han er mykje billegare enn ein regulator. Viss temperaturen fell under ei på førehand innstilt nedre grense, koplar termostaten inn eit relé som opnar den elektriske straumen for oppvarminga. Termostat for kjøleanlegg verkar på tilsvarande måte.

Den temperaturfølsame delen av termostaten kan vere ei fjør av bimetall, som bøyer seg ved oppvarming, eit lukka gassvolum som ved varmeutviding trykkar på ein membran, eit kvikksølvtermometer med innsmelta elektriske kontaktar og liknande

Forløparen til termostaten vart oppfunnen av Al Butz i 1885.

Kjelder endre

Termostat. (2009, 15. februar). I Store norske leksikon. Henta 2. november 2013 frå http://snl.no/termostat.