Eit relé (av fransk relais) er ein elektrisk brytar. Releet har ein eller fleire kontaktar og er styrt av ein elektromagnet.

Kontaktane i eit relé kan vera normalt lukka, normalt opne eller dobbeltverkande. Når elektromagneten vert aktivert vil han trekkja til seg ein jernbit som påverkar brytaren mekanisk. Kontaktane som er normalt lukka vil då verta opne, og dei som er normalt opne vil verta lukka.

Ein kontaktor er eit stort relé, som vert brukt til m.a. motorstyringar.

Sjå òg

endre