Ein terskelfjord eller treskelfjord er ein fjord som har monaleg mindre djup ved munningen enn lenger inn. Dette gjer at det vert lite utskifting av vatnet i fjorden. Terskelen er vanlegvis laga av ein endemorene frå isbreen som grov ut fjorden.