Teruel er ein by i Aragón, aust i Spania og provinshovudstad i provinsen Teruel. Han har kring 35 000 innbyggjarar og er den minste av provinshovudstadane i landet. Han er kjend for det harde klimaet (varme somrar, særs kalde vintrar), jamón serrano (spekeskinke), keramikk, dei omliggande arkeologiske funna med nokre av dei eldste dinosaurfossilaDen iberiske halvøya og for nokre av festivalane. Teurel vert rekna som «mudéjarbyen» fordi mange av byggverka i byen er forma i denne stilen. Alle er ein del av Mudéjar-arkitekturen i Aragón som er ein verdsarvstad på lista til UNESCO.

Teruel
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Spania
Region Aragón
Provins Teruel
Høgd 915 m
Areal 440,414455 km²
Folketal 36 713 (2024)
Grunnlagd 1171
Postnummer 44001–44003
Kart
Teruel
40°20′37″N 1°06′26″W / 40.343611111111°N 1.1072222222222°W / 40.343611111111; -1.1072222222222
Wikimedia Commons: Teruel

Teruel ligg oppe i fjella, om lag 915 meter over havet og ligg relativt isolert til. I 1999 vart kampanjen Teruel existe(«Teruel finst») skipa for å gjere folk merksame på byen. Delvis på grunn av denne kampanjen vhar vegane til byen vorte kraftig utbetra med motorveg mellom Zaragoza og Sagunto. Teruel er likevel den einaste provinshovudstaden i Spania som ikkje har direkte jernbanesamband med hovudstaden Madrid.

Historie

endre

Teruel vart grunnlagd i 1176 av Sancho Sánchez Muñoz og Blasco Garcés Marcilla. I mellomalderen hadde Teruel eit stort jødisk samfunn, som stod sterkt då dei muslimske arabarane regjerte over området. Seinare, då dei kristne kongane tok tilbake Spania, betalte jødane årleg 300 sueldos i skatt. Under forfølgingane i 1391 vart mange av dei drepne, medan andre konverterte til kristendom for å redde liva sine.[1]

Teurel var åstad for kamphandlingar under den spanske borgarkrigen og vart kraftig øydelagd. Slaget ved Teruel i desember 1937 og februar 1938, eit av dei blodigaste under krigen. Byen skifta hender fleire gonger og fall først til republikanarane, før han vart gjenerobra av nasjonalistane. Teruel vart råka av kraftige bombeåtak frå både artilleri og luftåtak. Dei to sidene tapte til saman kring 100 000 mann i løpet av dei tre månadane.

Kjelder

endre
  1. «TERUEL - JewishEncyclopedia.com», www.jewishencyclopedia.com, henta 22. mars 2024 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Teruel