Testamentsvitne
Eit testamentsvitne er eit av to vitne som må skrive under på eit testament - med nærmare krav - for at disposisjonen skal reknast som gyldig. Vitnet må vere over 18 år og ved full sans og samling.
Testamentsvitne i norsk lovverk
endre(Utgreiinga under er omsett frå domspremiss (26) og (27) i Rt. 2010 s. 691, betre kjend som kyrkjesokndommen):
For å sikre at testamentariske disposisjonar er gjennomtenkte og gjorde av fri vilje, stillast det formkrav til testament. Eitt av formkrava er at tilskipinga av testament skal stadfestast av to testamentsvitne, sjå arvelova § 49.
Vitnehabilitet
endreFor at kravet om vitnestadfesting skal innebere tilstrekkeleg realitet, stiller al. § 61 krav om vitnehabilitet.
Arvelova § 61 første ledd fastset at testamentsdisposisjonar til føremon for eit av testamentsvitna eller nokon som vitnet står i eit nærmare slektskaps- eller familieforhold til, er ugyldige. Etter al. § 61 andre ledd er òg testasjonar til føremon for nokon som nokon av vitna står i eit nærare gjeve tenesteforhold til, som hovudregel ugyldige. Arvelova § 61 andre ledd fastset:
«Disposisjon i testament til føremon for nokon som vitnet er i teneste hos på testasjonstida, er ugyldig. Som teneste vert og rekna funksjon som styremedlem og liknande i selskap, lag, stifting eller offentleg institusjon. Disposisjonen er likevel gyldig når tilknytninga er fjern og truleg ikkje har hatt noko å seie for innhaldet i testamentet.»
Med uttrykket «teneste» siktar al. § 61 andre ledd første punktum til tilsetjingsforhold. Sjølvstendige oppdragsforhold fell utanfor.