Tete Andreas Lidbom (fødd 9. april 1986 i Trondheim[1]) er ein norsk radioprogramleiar.[2] Lidbom er programleiar i fotballpodkasten Heia Fotball saman med Sven Bisgaard Sundet.[3] Han var òg programleiar i underhaldingsprogrammet Norske tilstanderNRK P3. Tidlegare har han jobba som musikkprodusent for Urørt i P3 og musikkprogrammet Tete.[2] Frå 2009 til 2011 spelte Lidbom trommer i punkbandet Disko Violente.

Tete Lidbom

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. april 1986 (38 år)
Trondheim
Yrke radioprogramleiar, podkastvert
Tete Lidbom på Commons

Hausten 2019 og 2020 var Lidbom programleiar for P3-aksjonen, saman med høvesvis Ronny Brede Aase, Markus Neby, Adelina Ibishi, Martin Lepperød og Ingrid Simensen.[4][5]

Lidbom gjekk på Strinda videregående skole og har studert ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet.[6]

Kjelder

endre
  1. Ukeadressa, 23. juni 2018, side 25.
  2. 2,0 2,1 «Fryktløsheten ledet han til jobbyen». Journalen (på norsk bokmål). Henta 5. desember 2019. 
  3. «Tete og Sven gjør podkast på dugnad: Tre NRK-ansatte har suksess med «Heia Fotball», mens de deler på en halvstilling». Medier24.no (på norsk). Henta 27. november 2018. 
  4. «Slik blir P3aksjonen 2019». NRK P3 (på norsk). 14. oktober 2019. Henta 5. desember 2019. 
  5. «Slik blir P3aksjonen – og slik gir du». NRK P3 (på norsk). 14. oktober 2020. Henta 16. oktober 2020. 
  6. Nygård (foto), Stein Risstad Larssen,Kim (23. juni 2018). «Tete à tête». adressa.no (på norsk bokmål). Henta 5. desember 2019. 

Bakgrunnsstoff

endre