Tetrose
monosakkarid som inneheld fire karbonatom
Tetrosar er monosakkarid som inneheld fire karbonatom. Dei kan delast inn i to grupper etter kva for posisjon den funksjonelle gruppa har. Aldotetrosar har ei aldehydgruppe i 1-posisjon og ketotetrosar har ei ketongruppe i 2-posisjon.[1][2] Aldotetrosar har to kirale senter og dimed fire moglege stereoisomerar. To av dei førekjem naturleg som enantiomerar av erytrose og treose i D-konfigurasjon. Ketotetrosar har eitt kiralt senter og dimed to moglege stereoisomerar: erytrulose i L- og D-konfigurasjon, der sistnemnde førekjem naturleg.
-
D-erytrose
-
D-treose
-
D-erytrulose
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tetrose» frå Wikipedia på engelsk, den 20. januar 2017.
- ↑ Thisbe K. Lindhorst (2007). Essentials of Carbohydrate Chemistry and Biochemistry (1 utg.). Wiley-VCH. ISBN 3-527-31528-4.
- ↑ John F. Robyt (1997). Essentials of Carbohydrate Chemistry (1 utg.). Springer. ISBN 0-387-94951-8.