Tettstaden Høie

tettstad i Tysvær kommune

Tettstaden Høie ligg i Tysvær kommune i Rogaland fylke slik som han er definert av Statistisk sentralbyrå. Den geografiske utstrekninga per 2023 er på austsida av Førresfjorden mellom Kallavik i nord og Høye i sør, men inkluderer ikkje dei to gardane. Dette er ca 6-7 km sør om Førre. Tettstaden har 237 innbyggjarar per 1. januar 2023. Fylkesveg 4794, Høievegen, gjev adkomst frå Førre til bustadområdet.

Høie
stad
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Tysvær
Areal 0,13 km²
Folketal 237  (2023)
Folketettleik 1 823 / km²
Kart
Høie
59°22′10″N 5°23′08″E / 59.369416666667°N 5.3856333333333°E / 59.369416666667; 5.3856333333333

Sjå òg

endre

Kjelder

endre