Opna hovudmenyen

Arcade Fire er ei prisløna kanadisk indie rock-gruppe frå Montreal. Ho består av ekteparet Win Butler og Régine Chassagne, William Butler, bror til Win, og har hatt mange medlemmer opp igjennom åra.

Arcade Fire
Arcade Fire live 20050315.ext.jpg
Arcade Fire opptrer i Paris i 2007.
OpphavMontreal, Quebec, Kanada
Aktiv2001 -
SjangerIndie rock
PlateselskapSonovox Records, Merge Records, City Slang Records, Spunk Records, Mercury Records
MedlemmerWin Butler
Régine Chassagne
Richard Reed Parry
William Butler
Jeremy Gara
Sarah Neufeld
Tim Kingsbury
Marika Anthony-Shaw
Tidlegare medlemmerHoward Bilerman
Josh Deu
Brendan Reed
Tim Kyle
Dane Mills
Myles Broscoe
Martin Prete

KarriereEndra

Arcade Fire starta opp i 2001, men gav ut sitt fyrste album i 2004. Det fekk namnet Funeral - «Gravferd», og selde til gull både i heimlandet og i Storbritannia. I 2005 vart songane deira brukt både i fjernsynsserien Six Feet Under og i eit BBC-program. Dei opptrådde i The Late Show with David Letterman i USA same året. Då U2 reiste på turné med cden Vertigo i 2005/2006, varma Arcade Fire opp for fleire av konsertane deira. I 2005 fekk dei den kanadiske Juno-prisen for beste låtskrivarar. Dei var også nominert til BRIT Awards.

Andreplata til Arcade Fire kom ut i 2007 og fekk tittelen Neon Bible. I 2009 vart ein av singlane frå Funeral brukt i filmen Til huttetuenes land. Tredjealbumet til Arcade Fire kom ut i 2010 og fekk tittelen The Suburbs - «Forstadene». Dette vann ein Grammy-pris for årets album. Dei vann også fleire Juno-prisar og BRIT Awards for albumet.

DiskografiEndra

  • Funeral (2004)
  • Neon Bible (2007)
  • The Suburbs (2010)

KjeldeEndra