Opna hovudmenyen
Logoen til BBC

British Broadcasting Corporation (BBC, norsk: Det britiske kringkastingsselskapet) er ein britisk radio- og fjernsynskringkastar. Selskapet vart danna i 1927 ved kongeleg dekret frå det tidlegare British Broadcasting Company, og starta den 2. november 1936 opp dei fyrste regulære fjernsynssendingane i verda. Fram til ITV vart oppretta i 1955 hadde BBC monopol på radio- og fjernsynssendingar i Storbritannia.

BBC hadde ei norsk avdeling under andre verdskrigen som hadde sendingar retta mot det norske folket i Noreg, der dei tyske okkupasjonsmaktene hadde sett inn forbod mot kringkasting. Det var òg ulovleg å høyra på radio, men mange gjorde det likevel i løynda.

Programma som blir viste er ofte eit resultat av eigenproduksjon. Selskapet vert av mange oppfatta som eit av dei mest seriøse medieselskapa i verda, med ein nøytral og sjølvstendig synsvinkel. BBC tek på seg rolla som allmennkringkastar i Storbritannia, og norske NRK, i likheit med dei fleste andre eldre fjernsynskanalar i Europa, samanliknar seg difor ofte med BBC. På same måte som NRK vert BBC finansiert med lisensmiddel. Rett nok vert enkelte delar av BBC sitt programtilbod betalt av andre; World Service vert betalt av det britiske utanriksdepartementet. Dessutan har BBC i dei seinare år tent ein del på sin kommersielle del, mellom anna ved sal av DVD-kopiar basert på programma deira.

I Storbritannia vert kanalen ofte kalla The Beeb eller Auntietante», fordi kanalen tidlegare var kjent for å ha ein oppdragande stil i mange av sine program).

Innhaldsliste

På fjernsynEndra

Fjernsynskanalar i StorbritanniaEndra

I Storbritannia har BBC eit Public Service-oppdrag. TV-kanalane BBC One og BBC Two blir distribuert via det analoge nettet til heile Storbritannia.

Verdsfemnande kanalarEndra

BBC har òg ei omfattande verksemd utanfor Storbritannia. Verksemda internasjonalt blir drive under føretaket BBC Worldwide, som er eit kommersielt føretak. Pengar frå tv-lisensen i Storbritannia går derfor ikkje til desse kanalane.

På radioEndra

BakgrunnsstoffEndra