The Elder Scrolls IV: Knights of the Nine

The Elder Scrolls IV: Knights of the Nine er ein utvidingspakke til The Elder Scrolls IV: Oblivion, gjeven ut i november 2006 til Xbox 360 og PC. På PS3 er pakken allereie lagt inn i det opphavlege spelet. I Knights of the Nine får du fleire våpen, rustningar og andre gjenstandar, slik som The Armor of the Divine Crusader og Mehrunes Razor. Historia handlar om at byen Anvil får ein uventa gjest kalla «Profeten». Han gir deg oppdraget om å redde verda frå den vonde Umaril. Umaril ble bekjempa av Pelinal Whitestrake, men sjela hans overlevde, og no han har vent tilbake. Denne utvidelsenspakken er ikkje like omfattande og stor som The Elder Scrolls IV: Shivering Isles, men fekk god kritikk.

The Elder Scrolls IV: Knights of the Nine
Utviklar(ar)Bethesda Softworks
Utgjevar(ar)Bethesda Softworks, Ubisoft
Komponist(ar)Jeremy Soule
SerieThe Elder Scrolls
SpelmotorGamebryo
Plattform(er)Microsoft Windows, PlayStation 3, Xbox 360
Utgjevingnovember 2006
SjangerFantasy Action RPG
SpelemodusEnkeltspelar
Nettstadhttp://www.elderscrolls.com/oblivion/dlc/
Del av serien The Elder Scrolls

Tilbakemelding

endre

Metacritic gav PC-versjona av spelet 81 ut av 100 poeng og Xbox 360-versjona 86 ut av 100 poeng.

Kjelder

endre
  Denne underhaldningsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.