The Elder Scrolls IV: Shivering Isles

The Elder Scrolls IV: Shivering Isles er den andre utvidingspakken til fantasy rolledataspelet The Elder Scrolls IV: Oblivion. Den blei annonsert den 18. januar 2007 og utvikla og utgjeve på Xbox Live Marketplace av Bethesda Softworks. Detaljhandelsutgjevinga gav dei ut saman med 2K Games. Pakken blei gjeven ut til Microsoft Windows i fysisk diskutgåve den 26. mars 2007, og Xbox 360-versjonen digitalt på Xbox Live Marketplace. Utvidingspakken tek stad på øyane Shivering Isles, styrt av Daedra-prinsen for galskap, Sheogorath. Spelaren blir Sheogoraths sin lærling og dei prøver saman å overvinna Daedra-prinsen for orden, Jyggalag, og dermed forhindra at øyane vert øydelagd. Spelaren kan velje å samhandle med den nye verda og ignorera eller utsetje dette hovudoppdraget så lenge spelaren ynskjer, og heller reise rundt, gjere andre oppdrag og snakka med NPCar.

The Elder Scrolls IV: Shivering Isles
Utviklar(ar)Bethesda Game Studios
Utgjevar(ar)Bethesda Softworks
SerieThe Elder Scrolls
SpelmotorGamebryo
Siste versjon1.2.0416
Plattform(er)Xbox 360, Microsoft Windows, PlayStation 3
UtgjevingXbox 360

NA: 16. oktober 2007
EU: 23. november 2007
Windows NA: 26. mars 2007
EU: 30. mars 2007
PlayStation 3

NA: 8. desember 2007
SjangerFantasy, Action, RPG, open verd
SpelemodusEnkeltspelar
Nettstadhttp://www.elderscrolls.com/oblivion/dlc/
Del av serien The Elder Scrolls

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre