The Elder Scrolls V: Skyrim
The Elder Scrolls V: Skyrim er eit actionrollespel utvikla av Bethesda Game Studios og utgjeve av Bethesda Softworks, den 11. november 2011 til Microsoft Windows, PlayStation 3 og Xbox 360. Det er det femte hovudspelet i videospelserien The Elder Scrolls. Det finst tre tilleggspakkar eller DLCar til spelet; Dawnguard, Hearthfire, og Dragonborn. Den 4. juni 2013 kom det ei utgåve av spelet med alle tilleggspakkane på, The Elder Scrolls V: Skyrim Legendary Edition.
The Elder Scrolls V: Skyrim | |
![]() | |
Utviklar(ar) | Bethesda Game Studios |
---|---|
Utgjevar(ar) | Bethesda Softworks |
Kreativt ansvarleg(e) | Todd Howard |
Design(ar) | Bruce Nesmith, Kurt Kuhlmann |
Forfattar(ar) | Emil Pagliarulo |
Kunstnar(ar) | Matthew Carofano |
Komponist(ar) | Jeremy Soule |
Serie | 'The Elder Scrolls' |
Motor | Creation Engine med Havok fysikk |
Plattform(er) | Microsoft Windows, PlayStation 3 og 4, Xbox 360 og one |
Utgjeving | 11. november 2011 |
Sjanger | Fantasy Action RPG |
Spelemodus | Enkeltspelar |
Aldersgrense | 18+ |
Skyrim si hovudsoge handlar om korleis hovudkarakteren Dovahkiin skal overvinna Alduin the world-eater, ein drake som er spådd til å øydeleggja verda. Spelet er sett to hundre år etter hendingane i forgjengaren Oblivion, og finn stad i den fiktive provinsen Skyrim. Spelaren kan fullføra oppdrag og utvikla karakteren sin ved å betra karakteren sine ferdigheiter. I motsetning til tidligare Elder Scrolls-spel, krev ikkje Skyrim at spelaren må velja eit teikn/klasse for karakteren sin i byrjinga av spelet, som fjernar problemet tidlegare spel har hatt ved å tvinga spelaren til å velja ein spesiell type karakter for tidleg i spelet. Skyrim fortsett med open-world-modus slik som forgjengarane, som gjer at spelaren kan fara til kva som helst del av verda til ei kvar tid. Spelaren kan òg ignorera eller utsetja hovudsoga i spelet så lenge ein ynskjer.
Spelet vart utvikla ved hjelp av Creation Engine, ein spelemotor bygd spesielt for spelet. Skyrim er ikkje ein direkte oppfølgjar til tidlegare Elder Scrolls-spill, men medan utviklinga gjekk for seg vart det sett på som ein spirituell oppfylgjar til Oblivion og Fallout 3. Skyrim fekk god kritikk og tilbakemelding, der spesielt karakterutviklingssystemet fekk ros i forhold til tidlegare Elder Scrolls-spel. Det vart òg sett på som eit av dei beste spela gjennom tidene. Kritikk vart mellom anna retta mot spelet sitt robot-aktige combat-system. Skyrim selde over 7 million eksemplar den fyrste veka etter utgivinga, og selde over 20 million eksemplar på tvers av alle tre plattformene.
StemmarEndra
- Daniel Riordan som Alduin
- Christopher Plummer som Arngeir
- Joan Allen som Delphine
- Max von Sydow som Esbern
- Paul Eiding som Felldir the Old
- Paul Ganus som Hakon One-Eye
- Michael Hogan som General Tullius
- Lynda Carter som Gormlaith Golden-Hilt
- Claudia Christian som Legate Rikke
- Charles Dennis som Odahviing
- Charles Martinet som Paarthurnax
- Vladimir Kulich som Ulfric Stormcloak
- Michael Gough som Heimskr
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «The Elder Scrolls V: Skyrim» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2015.