Fallout 3

dataspel frå 2008

Fallout 3 er eit action-rollespel med open verd. Utvikla av Bethesda Game Studios og utgjeve i Nord-Amerika, Europa og Australia i oktober 2008 til Microsoft Windows, PlayStation 3 og Xbox 360. Spelet er det tredje hovudspelet i Fallout-serien.

Fallout 3

Utviklar(ar)Bethesda Game Studios
Utgjevar(ar)Bethesda Softworks
DistributørSteam, GOG.com, Humble Store, PlayStation Now, Epic Games Store
Kreativt ansvarleg(e)Todd Howard
Produsent(ar)Todd Howard
Design(ar)Emil Pagliarulo, Joel Burgess, Adam Adamowicz
KunstnarIstvan Pely, Adam Adamowicz, Josh Jones, Mark Lampert
SerieFallout
SpelmotorGamebryo
Siste versjon1.7.0.3
Plattform(er)Microsoft Windows, PlayStation 3, Xbox 360
UtgjevingOktober 2008
SjangerAction RPG
SpelemodusEnkeltspelar
AldersgrenseMature 17+
Nettstadhttps://fallout.bethesda.net/en/games/fallout-3
Del av serien Dataspelserien Fallout
←Fallout 2  · Fallout: New Vegas→

Spelet går føre seg i år 2277, 116 år etter handlinga i det fyrste Fallout-spelet, 36 år etter Fallout 2 og 200 år etter atom-apokalypsen som øydela spele-verda.

Fallout 3 blei kritikarrost og har motteke ei rekkje Game of the Year-prisar. I følgje NPD Group selte spelet over 610 000 einingar den fyrste månaden etter utgjevinga, eit betre resultat enn Bethesda sitt førre spel, The Elder Scrolls IV: Oblivion, som selde nesten 500 000 einingar den fyrste månaden. Bethesda lanserte fem pakkar med nedlastbart tilleggsinnhald. Spelet førte også til kontroversar - i Australia for å inkludera bruk av og høvet til å bli avhengig av alkohol, morfin og andre rusmiddel, i India avreligiøse og kulturelle grunnar ettersom kyr i spelet vert kalla «Brahmin», og i Japan grunna at eit våpen som skyt ut mini atombomber blir kalla Fat Man, det same som den verkelege atombomba nytta over Nagasaki.

Kjelder

endre
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.