The Lizard

Koordinatar: 50°02′N 5°11′W

The Lizard er ei halvøy sør i Cornwall i Storbritannia. Det sørlegaste punktet på det britiske fastlandet ligg nær Lizard Point.

Lizard Point

Landsbyen Lizard er den sørlegaste landsbyen på det britiske fastlandet og ligg i Landewednack, det sørlegaste soknet.

Halvøya er om lag 23 x 23 km stor. Ho ligg sørvest for Falmouth, 16 km aust for Penzance.

Kysten kring The Lizard er farleg for skipsfarten og sjøvegen kring halvøya har tidlegare vorte kalla «skipsgravplassen». Lizard fyrstasjon vart bygd på Lizard Point i 1752 og RNLI opererer The Lizard livbåtstasjon.

KjelderEndra

  • Meneage and Lizard Oral History Group (ed.) (1980) Traditional Life in the Far South West. (40 pp.) [N. pl.]: the Group

BakgrunnsstoffEndra