The Night Has a Thousand Eyes

The Night Has a Thousand Eyes
av Bobby Vee
frå albumet The Night Has a Thousand Eyes
B-side

«Anonymous Phone Call»

Utgjeve 1962
Sjanger pop
Lengd 2:37
Selskap Liberty
Låtskrivar(ar) Benjamin Weisman, Dorothy Wayne, Marilyn Garrett
Bobby Vee-kronologi 
«A Forever Kind of Love»
(1962)
The Night Has a Thousand Eyes «Charms»
(1963)


«The Night Has a Thousand Eyes» er ein popsong skriven av Benjamin Weisman, Dorothy Wayne og Marilyn Garrett og først spelt inn av Bobby Vee. Han vart gjeven ut som singel seint i 1962, og nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100, andreplassen på Easy Listening-lista, og niandeplassen på R&B-lista. Han nådde òg tredjeplassen på den britiske singellista i mars 1963 og var med på Liberty Records-albumet The Night Has a Thousand Eyes i 1963.[1]

I 1963 vart det gjeve ut ein versjon i Storbritannia av Jimmy Justice,[1] og The Angels gav ut ein versjon på albumet My Boyfriend's Back. I 1973 spelte The Carpenters ein versjon, som finst på Now & Then. Songen vart i 1982 av spelt inn av glamrockband Mud på albumet Mud featuring Les Gray, og i 1988 spelte den danske jazzsaksofonisten Lars Møller inn ein versjon på albumet Copenhagen Groove. I 2005 spelte Gary Lewis and the Playboys songen for debutalbumet This Diamond Ring,[2]. Ein langsamare versjon av songen finst i filmen Dark City, sungen av Anita Kelsey.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 The Night Has a Thousand Eyes SecondHandSongs Cover Song Hierarchy
  2. This Diamond Ring at Discogs