The Power Plant
The Power Plant Contemporary Art Gallery er eit kanadisk offentleg galleri for samtidskunst i sentrum av Toronto i Ontario, i Harbourfront Centre. Det er registrert som ein kanadisk velgjerdsorganisasjon som blir støtta av medlemmer, sponsorar, donorar og finansieringsorgan på alle nivå. Det blei fyrst skipa som kunstgalleri ved Harbourfront i 1976, og blei offisielt opna i 1987 i dei noverande lokala sine. Galleriet har presentert nytt og nylege verk av levande kanadiske og internasjonale kunstnarar, og hatt både store separatutstillingar og tematiske gruppeutstillingar.
The Power Plant | |||
| |||
Stad | Toronto | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1987 | ||
The Power Plant 43°38′18″N 79°22′56″W / 43.6384°N 79.3821°W |
I 1976 skipa Harbourfront Centre kunstgalleriet, opphavleg ved Bill Boyle Artport. Den fyrste direktøren var Anita Aarons. Harbourfront Corporation gav galleriet høve til å renovera det gamle krafthuset (powerhouse) på staden som nye lokale. Denne bygningen var frå, og hadde husa varme- og kjølingsutstyr for den store Toronto Terminal Warehouse (no Queen's Quay Terminal) og nabobygningen hans, The Ice House (i dag Harbourfront Centre Theatre).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Power Plant» frå Wikipedia på engelsk, den 20. april 2023.