Royal Black Institution

(Omdirigert frå The Royal Black Institution)

The Royal Black Institution er det fullstendige formelle namnet til organisasjonen, men den kan av og til og verta kalla «the Black», «the Royal Black Preceptory» og i ein del dokument er ogso lengre namn som «The Royal Black Knights of the British Commonwealth» og «The Royal Black Knights of the Camp of Israel» nytta.[1]

Royal Black Institution
Skipa1797
HovudkontorLurgan i County Armagh

OrganisasjonEndra

GradsstrukturEndra

Organisasjonen har ein gradsstruktur som byggjer på liknande premiss som frimurarordenen, og har 11 gradar frå nedst til øvst:[2]

1) Royal Black 2) Royal Scarlet 3) Royal Mark 4) Apron and Royal Blue 5) Royal White 6) Royal Green 7) Royal Gold 8) Star and Garter 9) Scarlet Arrow 10)Link and Chaim 11)Red Cross

For å kunne verta med i The Royal Black Institution, må ein fyrst vera med i Orangeordenen.

Leiing og stormeistrarEndra

Det leiande organet i den internasjonale Royal Black Insatitution vert kalla «Imperial Grand Council», og sidan oppstarten har desse vore stormeistrar, eller sovereign grand masters som det heiter på heimesidene.

I organisasjonen vert dei alle omtala med «Sir Knight» føre namna sine med eventuelle andre titlar.

  • 1846-1849: Thomas Irwin
  • 1849-1850: Thomas Morris W. Knox
  • 1850-1857: Thomas H. Johnston
  • 1857-1902: William Johnston
  • 1902-1914: Hunt W. Chambre
  • 1914-1924: Rt. Hon William H. Lyons
  • 1924-1948: Oberstløytnant Sir William H. Allen, MP
  • 1948-1971: Rt. Hon Sir C. Norman L. Stronge, var politikar for Ulster Unionist Party og vald til regionalparlamentet i Belfast frå valkrinsen Mid Armagh 1938-1969. Han vart drepen av Den irske republikanske armeen, IRA, i 1981.
  • 1971-1998: Rt. Hon Lord Molyneaux of Killead (James Henry [Jim] Molyneaux), KBE
  • 1998-2008: William Logan, MBE
  • 2008-2018: Millar Farr, QPM
  • 2018-: Reverend William Anderson, JP

KjelderEndra

  1. W.P. Malcolmson; Inside the Royal Black Institution. Londonderry, Evangelical Truth 2009, s. 19. ISBN 978-0-9556218-9-5
  2. Kevin Haddick-Flynn; Orangeism. The making of a tradition. Dublin, The Wolfhound Press 1999 s. 419. ISBN 0-86327-659-8

BakgrunnsstoffEndra