County Armagh

County Armagh (irsk Contae Ard Mhacha) er eit av seks grevskap i Nord-Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster. Grevskapet vert kalla «Irland sin frukthage» på grunn av den fruktbare jorda. Tradisjonelt administrasjonssete i grevskapet er Armagh.

County Armagh
Contae Ard Mhacha
View from Johnny's field - geograph.org.uk - 1749503.jpg
Våpen
Del av Storbritannia
Hovudstad Armagh
Areal 1 254 km²
Folketal 141 000 (est.)
Folketettleik 112 / km²
Provins Ulster

County Armagh
54°20′60″ N 6°39′17″ W
NorthernIrelandArmagh.png
Wikimedia Commons: County Armagh

County Armagh grensar til Down i aust og Tyrone i nord. I vest ligg Monaghan og i sør Louth, begge i Republikken Irland. Armagh grenser òg til Lough Neagh i nord.

Den sørlege delen av Armagh har sidan 1970-åra vore eit av dei mest militariserte områda i Vest-Europa. Årsaka til dette er at det i folkesetnaden er ein stor majoritet av nasjonalistar, slik at det har vore lett for væpna grupper å operere der. Denne delen av grevskapet har i pressen ofte vorte omtalt som Bandit country (Bandittlandet).

Etter reforma av lokalstyret i Nord-Irland har ikkje lenger grevskapet noko administrativ funksjon, og er erstatta av distrikt.

Byar og landsbyar i County ArmaghEndra

KjelderEndra