The Saami A Cultural Encyclopaedia

The Saami A Cultural Encyclopeaedia er eit leksikon om samiske emne, redigert av Ulla-Maija Kulonen, Irja Seurujärvi-Kari og Risto Pulkkinen. Leksikonet vart publisert i papirformat av Suomalaisen Kirjallisuuden Seura i 2005. Før det hadde delar av leksikonet vore tilgjengeleg på nettet i eit par år.

Leksikonet vart opphavleg skrive av bidragsytarane på ulike språk, som regel deira eige morsmål, og nettversjonen speglar denne språklege variasjonen, med at artiklane er lagt ut på dei språka dei vart skrive på (men ikkje på samisk). Det var i utgangspunktet meininga å publisere leksikonet på ulike språk, m.a. nordsamisk, men til no er det berre den engelske versjonen som er utgjeve.

Fokus for leksikonet er å framstille samisk kultur og språk på ein tverrfagleg måte, og å presentere resultata frå den tradisjonelt fleirspråklege forskingslitteraturen på engelsk. Leksikonet er på 500 tospalta sider, og inneheld ca. like mange artiklar.

Bakgrunnsstoff endre