For andre tydingar av oppslagsordet, sjå The Star.

The Star var ei dagsavis som kom ut om kvelden i London frå 3. mai 1788, opphavleg under tittelen The Star and Evening Advertiser. Avisa var den første daglege kveldsavisa i verda.[2]

The Star
LandEngland
TypeDagsavis
Grunnlagd1788
Nedlagd1831[1]
Språkengelsk
HovudkvarterLondon

Avisa blei gjeven ut av Peter Stuart med støtte frå forleggjaren William Lane frå Minerva Press.[3] Andrew Macdonald var redaktør.[4] Avisa kom ut klokka 3 kvar ettermiddag, og blei levert ved hjelp av det nye effektive postvesenet.

The Star blei ein leiande støttespelar for whigpartiet.[4] Stuart forlét avisa i februar 1789 etter usemje Lane, som ville at han skulle støtta William Pitt i alt.[3]

Avisa kom ut fram til 1831, då ho blei teken opp i The Albion.[4]

Kjelder endre

  1. http://www.robertburns.org/encyclopedia/StuartPeterfl1788-1805.834.shtml.
  2. British Library: Concise History of the British Newspaper in the Eighteenth Century.
  3. 3,0 3,1 Morison, Stanley (1932), The English Newspaper: Some Account of the Physical Development of Journals Printed in London Between 1622 & the Present Day (på engelsk), CUP Archive, henta 19. oktober 2019 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Robert Burns Country: The Burns Encyclopedia: Stuart, Peter (fl. 1788-1805)», www.robertburns.org, henta 19. oktober 2019