The Star (1888)

avis gjeven ut frå 1888 til 1960
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå The Star.

The Star var ei engelsk kveldsavis skipa i 1888. Ho blei start av Thomas Power O'Connor, og var den første britiske avisa som tok i bruk moderne amerikanske journalistiske metodar. Avisa støtta William Ewart Gladstone i den irske Home Rule-striden, og opponerte mot den allmenne stemninga i England under den andre boarkrigen. Avisa blei nedlagd i 1960.

The Star
The Star placard Versailles Treaty signed.jpg
Grunnlagd1888
Nedlagd1960
Språkengelsk

KjelderEndra