William Gladstone
britisk politikar
(Omdirigert frå William Ewart Gladstone)
William Ewart Gladstone (1809–1898) var ein britisk politikar av ei skotsk ætt som busette seg i England på 1700-talet. Han byrja si politiske karriere som konservativ, men blei etterkvart liberal. Han leidde det liberale partiet frå 1865, og var statsminister i periodane 1868-74, 1880-85, 1886 og 1892-1894. Han var tilhengjar av frihandel og sjølvstyre for Irland (Home Rule). Han kom med forslag om sjølvstyre for Irland ved fleire høve, noko som i 1886 førte til ei sprenging av det liberale partiet. Trass i dette kom han attende som regjeringssjef for fjerde gong i 1892. Denne gongen vart Home Rule-forslaget hans stogga i Overhuset. I 1894 trekte han seg attende frå det offentlege livet.
William Gladstone | |||
| |||
Fødd | 29. desember 1809 Liverpool, 62 Rodney Street, Liverpool | ||
---|---|---|---|
Død | 19. mai 1898 (88 år) | ||
Statsborgar av | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Storbritannia | ||
Parti | Det konservative partiet i Storbritannia (1834; 1846), Torypartiet (1828; 1834), Det liberale parti (1859) | ||
Yrke | politikar, diplomat, statistikar, skribent | ||
Institusjonar | University of Edinburgh | ||
Utdanna ved | Christ Church College Eton College | ||
Mor | Anne MacKenzie Robertson | ||
Far | John Gladstone | ||
Ektefelle | Catherine Gladstone | ||
Barn | William Henry Gladstone, Mary Gladstone, Henry Gladstone, Herbert John Gladstone, Helen Gladstone, Agnes Gladstone, Stephen Edward Gladstone, Catherine Jessy Gladstone | ||
Medlem | Royal Society Det ungarske vitskapsakademiet Det greske filologiske selskap i Konstantinopel grunnlagt 1861 American Academy of Arts and Sciences Accademia Nazionale dei Lincei American Antiquarian Society Serbian Learned Society Serbias vitenskaps- og kunstakademi Historic Society of Lancashire and Cheshire Accademia della Crusca | ||
Alle verv |
|
Kjelder
endre- Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon. Bind. 5. G-Hom. Oslo: Kunnskapsforlaget. 1978-1984. ISBN 82-573-0016-0.
- Caplex.no - Gladstone, William Ewart.
Denne samfunnsartikkelen som har med historie og Storbritannia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.