The Sword in the Stone
The Sword in the Stone (norsk tittel Sverdet i stenen) er ein amerikansk animert eventyrfilm frå 1963, produsert av Walt Disney Productions og utgjeven av Buena Vista Distribution. Han er den 18. animerte Disney-langfilmen og er basert på romanen av same namn frå 1938. Filmen er regissert av Wolfgang Reitherman og har i originalutgåva stemmene til Rickie Sorensen, Karl Swenson, Junius Matthews, Sebastian Cabot, Norman Alden og Martha Wentworth.
Regi | Wolfgang Reitherman | ||
---|---|---|---|
Forfattar(ar) | Ken Peterson | ||
Produsent(ar) | Walt Disney | ||
Manus | Bill Peet | ||
Basert på | The Sword in the Stone, The Once and Future King | ||
Stemmeskodespelar | Karl Swenson, Junius Matthews, Sebastian Cabot, Rickie Sorensen, Richard Reitherman, Robert Reitherman, Norman Alden, Martha Wentworth, Alan Napier, Thurl Ravenscroft, Jimmy MacDonald, Ginny Tyler, Barbara Jo Allen, Mel Blanc, Fred Darian, Tudor Owen, The Mellomen | ||
Klipp | Donald Halliday | ||
Musikk | George Bruns, Richard M. Sherman, Robert B. Sherman | ||
Produksjonsselskap | The Walt Disney Company | ||
Distributør | Walt Disney Studios Motion Pictures, Disney+ | ||
Utgjevingsdato | 25. desember 1963 (USA)[1] | ||
Lengd | 75 minutt | ||
Opphavsland | USA | ||
Språk | engelsk | ||
Inntening | 12 000 000 US-dollar (USA)[2] | ||
Sjanger | fantasyfilm, filmmusikal, oppvekstforteljing, buddy-film, filmar som byggjer på litterære verk |
I 1939 skaffa Walt Disney seg rettane til å lage film av romanen The Sword in the Stone av T.H. White,[3] men det skulle gå to tiår før produksjonen av filmen vart sett i verk. The Sword in the Stone var den siste animerte Disney-filmen som vart utgjeven før Walt Disney døydde. Filmen vart utgjeven 25. desember 1963, og var ein kommersiell suksess.
Kjelder
endre- ↑ http://www.d-zine.se/filmer/svaerdetistenen.htm.
- ↑ https://www.boxofficemojo.com/title/tt0057546/; Box Office Mojo; vitjingsdato: 20. mai 2022.
- ↑ «Story Buys». Variety. 1. februar 1939. s. 20. Henta 26. desember 2019 – via Internet Archive.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
endre