Theodor Julius Løvstad (2. september 184320. april 1913) var ein norsk redaktør og musikar frå Kristiania. Han var særleg kjend som redaktør og utgjevar av skjemtebladet Vikingen.

Theodor Løvstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. september 1843
Død

20. april 1913 (69 år)

Yrke redaktør, musikar

Løvstad, som var son til ein brennevinshandlar, byrja som musikar i fjortenårs-alderen i 2. Brigades Musikkorps, der han instruert av Paolo Sperati vart verande militær musikant i ti år. Medan han spelte i brigademusikken byrja Løvstad å lese ulike skulefag på eigenhand. Frå 1867 til -69 var han elev på Heltbergs studentfabrikk og tok eksamen artium. Deretter var han fyrst kapellmeister på Møllergatens teater, seinare på Tivoli, begge i den norske hovudstaden.

Løvstad skreiv monologar, dikt og farsar, ofte med satirisk innhald, og gav ut fleire skjemteblad. I 1879 vart han dømd til 40 dagar i fengsel for brot på blasfemiparagrafen. Han hadde då prenta diktet «Gud, Verden og Mennesket» som «Anonym Eftertryks-Udgave» i bladet Bakkus, og hadde elles publisert «Kiøbmands Katekismusen», ein tekst frå 1789 av danske forfattaren Peter Andreas Heiberg.

Frå 1883 til han døydde i 1913 var Løvstad redaktør i skjemtebladet Vikingen. I bladet kom han med sine kommentarar og oppfatningar om livet i hovudstaden under signaturen Ka'l Olsen fra Vika og andre psevdonym. I lag med skribent- og og redigeringsverksemda heldt han fram som kapellmeister på ulike restaurantar i Kristiania.

Theodor Løvstads vei på Bygdøy i Oslo er kalla opp etter han.

Kjelder endre