Theodor Peterson (12. juni 18399. januar 1888) var ein norsk trelasthandlar, fabrikkeigar og eigedomsmann frå Moss som for perioden 1871-73 skulle representere bykrinsen Moss og DrøbakStortinget.

Han var av den rike og mektige Peterson-ætta i Moss. Sjølv utdanna han seg på ein handelsskule i Lübeck. Etter han flytta tilbake til heimbyen, gifta han seg med ei dotter av Drammens-kjøpmannen Johan Frederik Thorne. Jamsides forretningsdrifta var Peterson medlem i bystyret og hamnestyret i Moss. Hausten 1870 vart han vald til stortingsmann. Han møtte einast i 1871-sesjonen, sat då i Justiskomite nr 1. Både i 1872 og 1873 melde han forfall til Stortinget.

Kjelder endre