Lübeck er ein hamneby ved Austersjøen nord i Tyskland ved elva Trave og den nest største byen i delstaten Schleswig-Holstein med om lag 215 000 innbyggjarar. Han var i fleire hundreår «hovudstad» i Hansaen og på grunn av dei gotiske mursteinshusa er han på UNESCO si verdsarvliste.

Lübeck
Rådhuset i Lübeck
Rådhuset i Lübeck
Rådhuset i Lübeck
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Lübeck
Lübeck is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Schleswig-Holstein
Ingen
Kreisfri by
Grunnlagd 1143
Geografi
Flatevidd
 - By

214,13 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

213 983
  999/km²
Koordinatar 53°32′0″N 10°41′0″E / 53.53333°N 10.68333°E / 53.53333; 10.68333
Høgd over havet 13 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 23501 − 23570
Telefon-retningsnummer 0451, 04502
Bilnummer HL
Heimeside: www.luebeck.de

Gamlebyen i Lübeck ligg rundt elva Trave, medan Elbe-Lübeck-kanalen knyter Trave til Elbe. Ei anna viktig elv nær sentrum av byen er Wakenitz. Autobahn 1 går frå Lübeck til Hamburg og Danmark. Bydelen Travemünde er ein feriestad og ferjehamn ved kysten av Austersjøen.

Typiske Lübeck-hus.
Foto: Andreas Tusche

Historie endre

Området rundt Lübeck vart busett alt like etter siste istid. Ein har funn fleire steindysser frå steinalderen i området. På 600-talet byrja slavarar å kome til dei austlege områda av Holstein, som tidlegare hadde vore busett av germanske stammer før desse flytta på seg under folkevandringstida. Tidleg på 800-talet prøvde Karl den store å kristne saksarane i området, men då desse var motvillige dreiv han dei bort og erstatta dei med obotrittarar, som var hans allierte. Desse grunnla busetnadane Reric og Liubice ved breidda av Trave, om lag 6 km nord for dagens sentrum av Lübeck. På 900-talet vart han den viktigaste busetnaden for obotrittarane og det vart bygd ei borg. Busetnaden vart brend til grunne i 1128 av heidenske slavarar frå Rügen.

Den moderne byen vart grunnlagd av Adolf II, greve av Schauenburg og Holstein, i 1143 som ein tysk busetnad på ei halvøy. Han bygde ei ny borg som først vart nemnd av Helmold i 1147. Adolf måtte avstå borga til Henrik Løve i 1158. Etter Henrik sitt fall i 1181 vart byen ein fri keisarby i åtte år. Keisar Barbarossa gav byen eit bystyre med tjue medlemmar som varte til ut på 1800-talet. Dette rådet var dominert av kjøpmenn og dette gjorde at politikken i Lübeck vart dominert av handelsinteresser dei neste hundreåra.

Byen og slottet skifta eigarar i ein periode etterpå, og vart ein del av Hertugdømet Sachsen fram til 1192, av grevskapet Holstein fram til 1217 og ein del av Danmark fram til slaget ved Bornhöved i 1227.

 
Seglet til Lübeck i 1280.

Rundt 1200 vart hamna den viktigaste hamna for kolonistar som skulle reise til dei baltiske områda erobra av Den tyske riddarordenen. I 1226 gjorde Keisar Fredrik II byen til ein fri keisarby, og han vart Freiestad Lübeck. På 1300-talet vart Lübeck «Dronninga av Hansaen» og var det største og mektigaste medlemet i denne handelsorganisasjonen. I 1375 kalla Keisar Karl IV Lübeck for ein av dei fem «Stordomane i Riket», ein tittel han delte med Venezia, Roma, Pisa og Firenze. Fleire konfliktar om handelsprivilegium vart utkjempa mellom Lübeck og Hansaen mot Danmark og Noreg med ymse utfall. Medan Lübeck og Hansaen gjekk sigrande ut i konfliktar frå 1435 og 1512, tapte Lübeck då han vart involvert i grevefeiden, ein borgarkrig i Danmark frå 1534 til 1536. Lübeck vart òg medlem i Schmalkaldenforbundet.

 
Lübeck på 1400-talet.

Etter tap i grevefeiden byrja makta til Lübeck gradvis å verte svekka. Lübeck var nøytrale gjennom trettiårskrigen, men etter tiår med krig og dei nye handelsrutene over Atlanterhavet var ikkje Hansaen, og dermed Lübeck, viktig lenger. Etter at Hansaen i praksis vart oppløyst i 1669 vart Lübeck verande ein viktig handelsby ved Austersjøen.

Den store komponisten Dieterich Buxtehude vart organist ved Marienkirche i Lübeck i 1668 og var her fram til minst 1703.

 
Lübeck i 1641.

Under krigen mellom Den fjerde koalisjonen og Napoleon I okkuperte troppar under kong Karl Johan den nøytrale Lübeck etter eit slag mot Blücher den 6. november 1806. Under kontinentalblokkaden leid handelen stort, og frå 1811 til 1813 vart Lübeck formelt annektert som ein del av Frankrike fram til Wienerkongressen i 1815.

Under den andre verdskrigen var Lübeck den første tyske byen som Royal Air Force gjekk til åtak på. Åtaket 28. mars 1942 danna ein brannstorm som øydela store delar av det historiske sentrumet og bombinga av Lübeck under den andre verdskrigen øydela tre av dei største kyrkjene og store delar av dei bygde områda. Ein krigsfangeleir for offiserar, Oflag X-C, låg nær byen frå 1940 til april 1945. Nær slutten av krigen skjedde ein av dei største katastrofane i sjøfartshistoria i Lübeckbukta då allierte bombefly sokk tre skip som, ukjend for dei, var stappfulle av fangar frå konsentrasjonsleirar som sannsynlegvis skulle transporterast bort og avrettast. Om lag 7 000 menneske mista livet. Lübeck vart okkupert utan motstand av den britiske hæren etter at Tyskland hadde overgitt seg.

Folketalet i Lübeck voks frå om lag 150 000 i 1939 til meir enn 220 000 etter krigen på grunn av flyktningar som vart vist bort frå Aust-Tyskland.

Lübeck vart ein del av Schleswig-Holstein etter krigen og låg like ved grensa mellom Aust- og Vest-Tyskland. Sør for byen fylgde grensa elva Wakenitz, som skilde dei to statane med berre 10 meter enkelte stader. Den nordlegaste grenseovergangen var i bydelen Schlutup i Lübeck.

Det historiske og gjenoppbygde bysentrumet vart ført opp på UNESCO si verdsarvliste i 1987.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lübeck