Guds mor

(Omdirigert frå Theotokos)

Guds mor er den vanlegaste tittelen på Jomfru Maria. Det blei dogmatisk fastsett på konsiliet i Efesos i 431.

Maria som Guds mor på ein mosaikk i Hagia Sofia.

Formuleringa Theotokos (gresk, eigentleg 'gudefødar') var retta mot Nestorios si lære om at Maria berre hadde sett den menneskelege naturen til Kristus og ikkje den guddommelege. Tittelen heldt fram at Kristus både er Gud og menneske. Theotokos blei teken inn i dei austlege liturgiane og kom i mellomalderen inn i Vest-Kyrkja som det latinske Dei Genetrix.

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.