Jomfru Maria, Maria møy eller Maria frå Nasaret, var Jesu Kristi mor og er den fremste helgenen i kyrkja. I Det nye testamentet er ho omtalt i evangelia og Apostelgjerningane. Ved konsilet i Efesos gav konsilfedrene henne tittelen Theotokos, 'Guds mor'. Koranen omtalar ho som utvald av Gud framfor alle kvinner i verda; ho er nemnd i sju av kapitla i Koranen, eitt av dei med namnet hennar som tittel. Ho er framstilt i talrike kunstverk, der ho som regel berre blir kalla «Madonna» — 'Vår frue'. Ei mengd kyrkjer i fleire land er vigsla til Maria, anten ho åleine eller saman med ein annan helgen, med namn eller nemningar som Mariakyrkjer, Vår Frue-kyrkjer osb.

Jomfru Maria

Fødd1. hundreåret f.Kr.
FødestadSepphoris, Jerusalem
Daud1. hundreåret
Helgendag15. august

Maria i dei heilage skriftene endre

 
Engelens bodskap til Maria, måla av Fra Angelico.
 
Maria med jesubarnet, måla av Sandro Botticelli.

Etter Koranen (kap. 3.30) var Adam og Noa, Abrahams hus og Imrams hus utvalde av Gud, framfor all verda, og kona til Imram vigde dottera si, Maria, til Gud. Gud påla Sakarja (far til profeten Johannes) å ta seg av Maria, og ho fekk ein vakker oppvekst. Ho levde som ei rettvis kvinne, og ho heldt på møydommen. Ein gong kom englane til henne med bod om at ho skulle føde eit Ord frå Gud sjølv, Jesus Kristus, og at han skulle bli høgt æra i denne verda og i den neste. Maria forstod ikkje korleis det kunne gå til, når ingen mann hadde rørt henne. Då svarte Gud at det vert så; Gud skapar det han vil. Maria vart svanger, og ho trekte seg attende til ein avsides stad. Der fødde ho Jesus under eit palmetre. Då Maria kom heim med barnet, meinte folk ho hadde ført skam over familien. Då sa barnet at han var Guds tenar og profet, velsigna av Gud, og at Gud hadde pålagt han å leve i bøn og gjere godt mot folk - og mot mor si.

Etter Evangeliet etter Lukas var Maria trulova med Josef då ein engel kom til ho med bodet om at ho skulle føde ein son. Medan ho var svanger, fór ho på besøk til Elisabet, kona til Sakarja, og der kvad ho Magnificat, Marias lovsong. Barnet fødde ho i Betlehem, staden Josef ætta frå.

40 dagar etter fødselen tok Maria og Josef barnet med seg til Jerusalem og bar fram offer i tempelet, slik skikken var etter lova. Etter Evangeliet etter Markus måtte dei rømme til Egypt med barnet, så ikkje kong Herodes skulle drepe det. Der budde dei til Herodes var død, sidan fór dei heim til Nasaret.

 
Bryllaupet i Kana måla av Giotto

Etter Evangeliet etter Johannes var Maria i lag med Jesus i eit bryllaup då han gjorde det fyrste av undera Bibelen nemner; teksten antydar at mora visste at guten hadde overnaturlege evner. Ho følgde òg Jesus då han vart krossfest på Golgata.

Etter at Jesus var død, slutta ho seg til den første kristne kyrkjelyden i Jerusalem, i lag med apostlane, nokre andre kvinner og brørne til Jesus.

Maria i kyrkja endre

Det har oppstått fleire dogme omkring Maria, og dei er særleg sterke i ortodoks og katolsk mariologi. I dei reformerte kyrkjene varierer haldninga til desse dogma sterkt.

Theotokos endre

Det eldste fastlagde Maria-dogmet er læra om Maria som Guds Mor, på gresk theotokos. Denne vart fastslått på konsilet i Efesos i år 431.

Som ei følgje av dette vert ho òg kalla Mor til Kyrkja, fordi kyrkja reknast som Kristi mystiske lekam på jorda.

Semper virgo endre

Doktrinen om Maria som evig jomfru ser ut til å ha blitt forkynt av Irenaeus og Klemens av Alexandria og er godt belagt hos Athanasius av Alexandria, som kalla henne αειπαρθεnu;ς (aeiparthenos, evig jomfru). Frå det det femte hundreåret var doktrinen akseptert i heile den kristne kyrkja. Etter reformasjonen avviste mange av dei nye kyrkjesamfunna dette, blant anna fordi Jesu «brør» og «søstrer» er omtalte i Bibelen. Frå katolsk og ortodoks hald er dette forklart med at hebraisk og arameisk språk (dvs. dei språka dei første kristne talte) manglar eigne ord for søsken og søskenbarn, og i staden brukar orda brør og søstrer. Denne forklaringa heldt òg Martin Luther for å vere den riktige.

Assumptio Mariae endre

 
Maria i himmelen, jf. Ap.gj. 12.1

I det sjette hundreåret formulerte Gregor av Tours læra om Marias opptaking i himmelen. Læra vart sett i samanheng med kvinna som er nemnd i Johannes' openberring 12.1. Dogmet seier at Maria vart teken opp i himmelen med lekam og sjel; ho døydde altså ikkje på vanleg måte. Læra var utbreidd både i aust- og vestkyrkja før reformasjonen, og Martin Luther uttrykte seg positivt til henne. No vil dei fleste reformerte kyrkjene, med unntak av den høgkyrkjelege delen av Den anglikanske kyrkja, avvise doktrinen. I Den katolske kyrkja vart opptakinga fastslått som dogme i 1950.

Immaculata Conceptio endre

Denne doktrinen hevdar at Maria, som det einaste mennesket utanom Jesus, vart avla utan arvesynda. Doktrinen vart diskutert mykje i mellomalderen, utan at dei vart samde om han. Dominikanarane var mot doktrinen, medan fransiskanarane og sidan jesuittane forsvarte han. I 1854 slo Den katolske kyrkja fast som eit dogme at Maria var avla utan synd (b.m.: den ubesmittede unnfangelse) . Austkyrkja har ikkje denne doktrinen, protestantiske kyrkjer vil avvise han, medan høgkyrkjelege delar av den anglikaske kyrkja kan godta denne læra.

Maria som helgen endre

 
Maria og barnet på ikon frå det tolvte hundreåret
 
Jomgfru Maria vid St. Nikolai Katolske Kirke i Ystad 2021.

I katolsk og ortodoks tru har Maria den fremste plassen blant alle helgenar. I delar av den protstantiske kyrkja vert bøn til helgenar sett på som avgudsdyrking.

Mariafromskap endre

Den mest kjende forma for Mariafromskap er rosenkransen, ein syklus med bøner retta til Maria, med «Heil deg, Maria» som den mest sentrale. Angelusbøna er ei kort bøn som handlar om då Kristus vart avla, og som dei tradisjonelt bed tre gonger kvar dag i klostra. Etter gudstenester i Den norske kyrkja slår klokkene tre gonger tre slag, denne skikken stammar frå klokkeringinga i samband med angelusbøna før reformasjonen.

I den katolske kyrkja vart det òg utvikla ei eiga tidebøn, «Vår Frues litle officium». Katolske messer på laurdagar kan, om dei ikkje feirar ein annan festdag, verte feira til ære for Maria.

Mariafestar endre

Maria vert æra i ei rekkje forskjellige liturgiske samanhenger. Dei mest sentrale katolske festene er, slik dei vert feira no:

To festar som no vert feira som 'Herrens festar' vart før feira som Mariafestar:

Maria i andre tradisjonar endre

Den nye Eva endre

I nokre gamle skrift frå romartida vert Maria sett i samband med Eva. Maria og Eva er to motsetningar: Medan Eva let seg freiste, følgde Maria Guds vilje. Slik bøtte ho skaden frå syndefallet. Slik Jesus er den nye Adam, vert Maria oppfatta som den nye Eva.

Kritisk lys på jomfrufødselen endre

Det hebraiske ordet עלמה (alamah) vart nytta om ei ung ugift jente som framleis budde heime hjå foreldra sine, eller hjå slektningar. Dette ordet sa ikkje noko om jenta var jomfru eller ikkje (det hebraiske ordet for jomfru er bethulah). Då det gamle testamentet, i perioden mellom det 3. og det 1. hundreåret før vår tidsrekning, vart omsett frå hebraisk til gresk (denne omsettinga er kjend som septuagint), vart det hebraiske ordet עלמה (alamah) i Jesaja 7:14 feilaktig omsett til det greske ordet παρθενοσ (parthenos), som tyder jomfru[1]. Slik stødde profetien betre opp under forteljingane i evangelia, men blant bibelkritiske teologar er det ulike syn på Mariamytane.

 
Persisk framstilling av Maria med Jesusbarnet

Maria i norsk tradisjon endre

Etter reformasjonen har det i Noreg vore mykje ugrunna otte for «katolisisme». Slik har bibelordet som helsar Maria som den utvalde, som alle ætter skal prise sæl, ikkje vore forkynt på same måten som blant katolikkar. Slik har òg morselementet og kvinneelementet i kristendommen vorte sett til sides.

Kjelder endre

  1. Dawkins, Richard, The selfish gene, Oxford University Press, 1989.
  • Delar av artikkelen er omsett frå bokmålswikipediaen, men noko omvølt.
  • Koranen i Norsk-arabisk utgåve ved Einar Berg, 1989

Bakgrunnsstoff endre