Thesevs er ein gresk sogefigur som var nasjonalheros for den joniske stamma, Attika og Aten.[1]

Thesevs

Tittelkonge av Aten
Opptrer iDe bønnfallende, Hades
GravstadSkýros
MorAethra
FarAigevs, Poseidon
EktefelleFedra, Antiope, Ariadne, Hippolyta, Helena
SambuarPerigune, Aegle, Pirithous
BarnHippolytos, Melanippus, Acamas, Demophon of Athens, Ifigeneia

Thesevs var son av kong Aigevs og kongsdottera Aithra frå Troizen, der han blei fødd og voks opp.[1] Då han blei vaksen, drog Thesevs til far sin i Aten. På vegen kjempa han mot røvarar og valdsmenn.[1]

Hjå faren møtte han trollkvinna Medeia, som prøvde å drepa Thesevs, men han blei gjenkjend av faren i tide og redda. Deretter drog Thesevs til Kreta og drap uhyret Minotauros i labyrinten der etter at han hadde vunne kjærleiken til kong Minos si dotter Ariadne.[1]

Etter at Aigevs døydde blei Thesevs konge i Aten. Han stifta den store panathenéar-festen for Atene. Seinare drog han mellom anna på hærtog mot amasonene.[1]

Han er kjend for den trufaste vennskapen sin med thessalarfyrsten Peirithoos. Dei to skal ha gjort eit forsøk på å bortføra dronninga av underverda. Då han vende heim frå dødsriket åleine, blei han fordriven. Thesevs drog til Skyros, der han døydde. Seinare førte athenarane beina hans tilbake til Aten og bygde ein herosheilagdom.[1]

Kjelder endre