Ariadne

dottera til Minos i gresk mytologi

Ariadne er ein gresk sogefigur som var dotter av kong MinosKreta.[1]

Ariadne

Ariadne på ein gresk vase frå kring 380–370 f.Kr.
MorPasifaë
FarMinos
EktefelleDionysos
SambuarDionysos
BarnStaphylus, Oenopion, Thoas, Thoas, Ceramo, Peparethus, Evanthes, Latramys, Evmédon

Ariadne blei forelska i den attiske helten Thesevs då han kom til Kreta for å kjempa mot Minotauros. Ho gav han råd om korleis han kunne finna vegen ut av labyrinten (ariadnetråd).[1]

Etterpå tok Thesevs henne med seg bort frå øya, men lét henne så bli igjen på øya Dia (eller Naxos). I ei av sogeformene blei ho så drepen av gudinna Artemis her. Ei anna sogeform fortel at ho blei gift med guden Dionysos.[1]

Den forlatne, sovande Ariadne er ofte blitt framstilt i kunst frå oldtida.[1]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ariadne
  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.