Thodoris Zagorakis

gresk politikar og fotballspelar

Thodoris Zagorakis (fødd 27. oktober 1971) er ein gresk politikar og tidlegare fotballspelar frå Kavala, som vart europameister i fotball med Hellas i 2004. Sidan 2014 er han medlem av EU-parlamentet.

Thodoris Zagorakis

Verkeleg namn Θοδωρής Ζαγοράκης
Statsborgarskap Hellas
Fødd 27. oktober 1971 (52 år)
Lydia, Kavala
Yrke fotballspelar, politikar
Språk nygresk
Høgd 178 centimeter
Politisk parti Nytt demokrati
Ektefelle ioanna lili
Thodoris Zagorakis på Commons

Fotball endre

Zagorakis spelte på heimlege AO Kavala frå 1988 til -92. Vinteren 1993 gjekk han over til det greske topplaget PAOK Saloniki. Etter fem år i PAOK vart han tidleg i 1998 overført til engelske Leicester City. Med Leicester spelte han ligacupfinale både i 1999 mot Tottenham og 2000 mot Tranmere, den fyrste enda med tap for Zagorakis, den andre med siger. Sommaren 2000 fekk han kontrakt med AEK Athen. Og var med å vinne den greske cupfinalen 2002. Sesongen 2004/05 var han så Bologna-spelar, før han avslutta den aktive spelarkarrieren med to sesongar i PAOK.

I åra frå 1994 til 2007 deltok Zagorakis i 120 landskampar og skåra tre mål, og var med det til 2012 spelaren med flest kampar for Hellas. Han var kaptein og sentral i rolla som defensiv midtbanespelar i det greske mannskapet som vann EM i fotball 2004 i Portugal, etter finalesiger 1-0 over vertsnasjonen.

Etter at han i 2007 la opp som aktiv fotballspelar, vart han styreformann i fotballklubben PAOK Saloniki til 2012.

Merittar endre

  • Europameister: 2004 med Hellas
  • Engelsk ligacupvinnar: 2000 med Leicester City
  • Gresk cupmeister: 2002 med AEK Athen
  • Finalist i engelsk ligacup: 1999 med Leicester City

Politikk endre

Ved valet til medlemer av EU-parlamentet i 2014 vart Zagorakis vald inn som representant for det liberal-konservative partiet Nea Dimokratia. I EU-parlamentet er han medlem i Kultur- og undervisningsnemnda.

Kjelder endre