Thomas Cowling
britisk astronom
Thomas George Cowling (17. juni 1906–16. juni 1990) var ein engelsk astronom.[1]
Thomas Cowling | |||
Fødd | Thomas George Cowling 17. juni 1906 Walthamstow i Essex | ||
---|---|---|---|
Død | 16. juni 1990 (83 år) Leeds | ||
Nasjonalitet | Storbritannia | ||
Område | bruksmatematikk, astrofysikk, astronomi | ||
Yrke | astronom, matematikar, astrofysikar | ||
Institusjonar | University of Leeds Imperial College London Swansea University University of Dundee Victoria University of Manchester Bangor University | ||
Alma mater | University of Oxford | ||
Doktorgradsrettleiar | Edward Arthur Milne | ||
Doktorgradsstudentar | Eric Priest | ||
Medlem | Royal Society Den internasjonale astronomiske unionen |
Cowling var professor ved Universitetet i Leeds frå 1948 til 1970. Han arbeidde med stabiliteten til stjernene, teorien for solflekkar og plasmafysikk, i tillegg til korleis denne vert nytta innan solfysikk. Utanom avhandlingane sine, publiserte han fleire bøker, mellom anna The Mathematical Theory of Non-uniform Gases (saman med S. Chapman, 1939, 3. utgåve 1970), Molecules in Motion (1950), Magnetohydrodynamics (1957) og Magnetohydrodynamics (1976).
Kjelder
endre- «Thomas George Cowling», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014