Thomas E. Dewey

amerikansk advokat og politikar

Thomas Edmund Dewey (24. mars 190216. mars 1971) var ein amerikansk politikar, og guvernør i delstaten New York frå 1943 til 1954. I 1944 og 1948 var han presidentkandidat for republikanarane, men tapte begge gongane.

Thomas E. Dewey
ThomasDewey.png
Fødd 24. mars 1902
Owosso
Død

16. mars 1971 (68 år)
Bal Harbour

Yrke politikar, advokat, skribent
Thomas E. Dewey på Commons

Han vart rekna som storfavoritt ved presidentvalet i 1948, og meiningsmålingar og presse spådde siger. Avisa Chicago Daily Tribune trykte det som har blitt den legendariske avisframsida «Dewey defeats Truman» dagen etter valet, trass i at det var motkandidaten Harry S. Truman som faktisk hadde vunne valet.