Harry S. Truman

amerikansk politikar

Harry S. Truman (8. mai 188426. desember 1972) var ein amerikansk politikar og president i USA frå 1945 til 1953. Han var den 33. presidenten, og overtok stillinga etter at Franklin D. Roosevelt døydde. Truman vart president mot slutten av den andre verdskrig. Han er den einaste som til no har gjeve ordre om å nytta atombomber i krig. I august 1945 vart byane Hiroshima og Nagasaki i Japan utsletta av atombomber. Atombombene over Hiroshima og Nagasaki var meint å gjera slutt på krigen. Slik gjekk det òg, men i ettertid er det drøfta om det verkeleg var naudsynt å sleppa bombene.

Harry S. Truman

President i USA
Periode12. april 194520. januar 1953
PartiDet demokratiske partiet i USA
Fødd8. mai 1884 i Lamar i staten Missouri
FødestadLamar
Død26. desember 1972 i Kansas i Missouri
DødsstadKansas City i Missouri
MorMartha Ellen Young Truman
FarJohn Anderson Truman
EktefelleBess Truman
BarnMargaret Truman
MedlemAmerican Legion
frimureri
Veterans of Foreign Wars
FøregangarFranklin D. Roosevelt
EtterfølgjarDwight D. Eisenhower

Etter at krigen var slutt, var det mange oppgåver som skulle løysast. Truman sin administrasjon utarbeidde Marshallplanen for å byggja opp att Europa etter krigen. Tilhøvet til Sovjetunionen var i starten relativt godt, men utvikla seg til starten på den kalde krigen. Truman var med på opprettinga av dei sameinte nasjonane. Slutten av presidenttida var prega av Koreakrigen.

Sigeren i presidentvalet i 1948 mot republikanaren Thomas E. Dewey er rekna som ein av dei mest uventa i amerikansk politisk historie. I ettertid kunne Truman visa fram løpesetlar med overskrifta «Dewey vann». Før røystene vart talde rekna alle med at Dewey kom til å vinna.

Truman tok ikkje attval ved presidentvalet i 1952. Adlai Stevenson var demokratane sin kandidat. Republikanaren Dwight D. Eisenhower vann valet.

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Harry S. Truman
 

Originaltekst av Harry S. Truman ved Wikisource.

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Harry S. Truman
  Denne historieartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.