Opna hovudmenyen

Thomas W. Schwartz

Norsk forretnings- og stortingsmann

Thomas Werner Schwartz (10. august 182919. juni 1906) var ein norsk trelasthandlar frå Drammen som representerte FredrikstadStortinget i tida 1868-76. Johan Jørgen Schwartz var ein eldre bror.

Thomas W. Schwartz
Fødd 10. august 1829
Død

19. juni 1906

Yrke trelasthandlar, politikar

Thomas W. Schwartz slo seg opp med trelasthandel i Fredrikstad, der han kjøpte Selbak dampsag og høvleri. Han var medlem av bystyret i fleire år, var forlikskommissær og styremedlem i sparebanken.

Schwartz var stortingsmann frå Fredrikstad i 1868-69, 1871-73 og 1874-76. I 1868-69 var han sekretær i Kyrkjekomite nr 2, og 1871-76 medlem i Budsjettkomiteen, samt 1874 medlem i Jarnbanekomiteen.

Schwartz døydde i Larvik.

KjelderEndra