Thor Thoresen (1878–1951)

Thor Thoresen (10. mars 18785. april 1951) var ein norsk skipsreiar.

Thor Thoresen
Fødd 10. mars 1878
Tjøme
Død

5. april 1951 (73 år)

Yrke reiar

Thoresen utdanna seg først i Tønsberg og Kristiania, før han tok eit seks år langt studieopphald i Tyskland, Frankrike, England og USA. Han gjekk deretter inn i reiarlaget til faren, Otto Thoresen. I 1903 vart han kompanjong i Winge & Co, før han 29 år gammal stifta sitt eige reiarlag. Frå 1911 dreiv han òg eige firma i Manchester, og i 1913 skipa han Den skandinaviske Øst-Afrikalinje. Ved utbrotet av første verdskrigen disponerte han ein stor flåte. Seinare i livet konsentrerte han seg om Manchesterruta, og ved sida av detta var han styreformann og styremedlem i Den norske Amerikalinje.[1][2]

I 1905 var Thoresen med på å stifta Oslo Rederiforening, og han var styremedlem i fleire år. I perioden 1917–1923 var han formann i Noregs Rederforbunds Ruteskipsgruppe.[2] I 1919 representerte han skipsreiarane i den norske delegasjon under handelsforhandlingane med den gjenoppretta polske staten, i det som vart byrjinga til polsk-norske skipsfartssamband.[3]

KjelderEndra

  1. «Thoresen, Thor». Hvem er Hvem?. 1948. Henta 4. januar 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Dødsfall: Thor Thoresen». Aftenpostens morgenutgave, 6. april 1951.
  3. Szymański, Jan (2006). «Etablering av diplomatiske forbindelser mellom Polen og Norge i årene 1919–1923» (PDF). Folia Scandinavica. 9: 295–311.