Thora Skolmen (21. juli 186810. oktober 1933) var ein norsk lærar, forfattar og kvinnesaksforkjempar.

Thora Skolmen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. juli 1868
Søndre Land kommune
Død

10. oktober 1933 (65 år)
Nordre Land kommune

Yrke skribent
Språk norsk
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening

Liv og virke

endre

Thora Skolmen var dotter av Torger Hansen Skolmen og Ingeborg Kristiansdatter Væle. Faren var aktiv innan lekmannsrørsla, det som no er indremisjonen. Ein av brørne hennar var målaren og læraren Kristian Skolmen.

Thora Skolmen utdanna seg til lærar ved Hamar seminar, og blei uteksaminert i 1897. Ho arbeida som lærarinne i Vardal, så i Ytre Rendal før ho i 1901 kom til Hov der ho verka til 1912. Ho måtte då gje seg som lærarinne fordi høyrselen svikta. I alle desse åra var Skolmen aktiv i samfunnets teneste. Ho engasjerte seg i arbeidet for allmenn røysterett for kvinner. Thora og systera Helene var dei første medlemmane i Norsk Kvinnesaksforening.

Skolmen engsjerte seg sterkt i arbeidet med Boka om Land I-II, som starta i 1914. Ho samla inn, og fekk skrive ned folkeviser, sullar, lokkar og regler. Ho tok også for seg det ho sjølv kalla «Musikk uten kunstige instrumenter, men egentlig ikke sang». Med det meinte ho kauking, lalling, tralling og kulokk. Skolmen kalla dette ein heilt kvinneleg musikk. Særpreget er dei høge tonane, ofte ein hel oktav over annan musikk.

Skolmen døydde etter ein tur der ho sklei på nysnøen og fall utfor eit stup.[1]

Biografi

endre
  • Skolmen, Thora, Leik, Musikk og Dans. Boka om Land I, Oslo 1914
  • Skolmen, Thora, Leik, Musikk og Dans. Boka om Land II, Oslo 1952
  • Skolmen, Thora, Leik og dans. Opptegnelser fra Land, Norsk Folkekultur 1935

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre