Thorbjørn Gjølstad

Norsk bonde og politikar

Thorbjørn Gjølstad (19. april 188610. mars 1949) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Brandval i Hedmark.

Thorbjørn Gjølstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. april 1886
Død

10. mars 1949 (62 år)

Gjølstad var son til ein gardbrukar. Etter eksamen frå handelsgymnaset i hovudstaden i 1905, arbeidde han fram til 1911 i A/S Gravbergskogene, dei siste tre åra som styrar. Han tok deretter over farsgarden Gjølstad og dreiv i tillegg med trelasthandel til han døydde.

Frå 1914 var Gjølstad med i heradsstyret i Brandval, lengste tida også i formannskapet. Han var elles styreformann i det kommunale skogstyret frå 1915 og kommunale elverkstyret frå 1916. Han var formann i Hedmark skogselskap frå 1922 og i Det Norske Travselskap frå 1930.

Perioden 1922-24 representerte Gjølstad partiet Høgre og landkrinsane i Hedmark på Stortinget.

Kjelder endre